Valldal hadde også i år eit lag med i Norway Cup, Gutar 13/14 år, 7-ar lag. Etter ein litt trå start med to tap i innleiande seriespel, vart det siger i siste kamp.

Med desse resultata gjekk laget til B-sluttspel. Laget spela betre og betre og gjekk sigrande gjennom cupspelet og etter ein suveren siger 7-2 over Dombås i semifinalen var laget klar for finale.

Finalen gjekk mot Skjergård IL frå Sotra og vart ein jamn og spennande kamp. Valldal tok leiinga, men motstandaren fekk også inn eit må slik at det var uavgjort ved pause. I andre omgang  fekk Valldal ein god sjanse i ei kontring og Laurits Linge Glomnes banka ballen i krysset, 2-1.

Det vart spennande minutt før gutane og heiagjengen kunne sleppe jubelen laus for siger i B-sluttspelet.