Nyheiter

TAFJORD bygger meir fiber i Valldal!

I samband med utbygginga har Valldal IL muligheit til å tene nokre ekstra kroner til klubbkassa – heilt utan dugnad! TAFJORD gir nemleg 250 kroner for kvar bestilling av TV- og internettpakken til det lokale idrettslaget eller foreninga DU ønskjer å støtte. Vi håper sjølvsagt at du vil støtte oss. Alt du treng å gjere er å velje Valldal IL når du fyller ut bestillingskjemaet, eller oppgjev dette når du har kontakt med ein selgar frå TAFJORD. Les meir om…

Les meir

Årsmøte i Valldal IL

Vi har fastsett følgjande årsmøte i Valldal IL Trim: måndag 8. mars Fotball: tysdag 9. mars Ski: onsdag 10. mars Friidrett: torsdag 11. mars Disksport: fredag 12. mars Årsmøtet i Valldal Idrettslag blir halde onsdag 24. mars Alle møte startar klokka 19.30 på klubbhuset. Saker til årsmøtet må meldast seinast onsdag 10. mars til post@valldalil.no eller Valldal IL, postboks 74, 6211 Valldal

Les meir

Siste nytt frå skigruppa

Det er skitrening i lysløypa tysdagar kl 18-19. For barn frå 1. klasse og oppover. Det er inndeling i tre aldersgrupper. Det er ikkje skitrening når det er Valldal/Liabygda-cup/Telenorkarusell. Oppmøtestad kan bli endra om det er for lite snø på Omenås. Siste trening før jul blir i lysløypa på Omenås tysdag 15. desember. Etter treninga fyrer vi opp bålpanna og grillar pølser. Laurdag 19. desember startar skisesongen i Møre og Romsdal med opningsrenn på Bjorli. Klassisk fellesstart. Klasser frå 10 år.Søndag 27. desember blir…

Les meir

Historisk innsats i Norway Cup

Valldal hadde også i år eit lag med i Norway Cup, Gutar 13/14 år, 7-ar lag. Etter ein litt trå start med to tap i innleiande seriespel, vart det siger i siste kamp. Med desse resultata gjekk laget til B-sluttspel. Laget spela betre og betre og gjekk sigrande gjennom cupspelet og etter ein suveren siger 7-2 over Dombås i semifinalen var laget klar for finale. Finalen gjekk mot Skjergård IL frå Sotra og vart ein jamn og spennande kamp. Valldal…

Les meir

Grendacup – fotball

Romjulscupen i fotball 5. juledag  vart nok ein gong suksess. God planlegging og dyktig gjennomføring av dei ansvarlege! Frå tidleg formiddag var det fotball for dei yngste. Etter kvart overtok dei eldre og finalen i grendacupen vart spelt i sju-tida. Som i fjor var Eidsdal dei sterkaste og tok eit nytt napp i vandrepokalen etter 1-0 siger over Tafjord i ein ganske jamn finale.

Les meir
VIL PÅ FACEBOOK