Nyheiter

Tjue år med arrangement og aktivitetar

25 januar 1997 vart Stordalshallen offisielt opna. Sidan den gongen har både stordalingar og andre møttest der gjennom aktivitetar og i tallause arrangement. Markeringa skal starte klokka sju, men Hallgeir Hove ville ha med flest mogleg på eit samlebilete og drygde tida til litt over sju før han tok biletet. Utålmodige Inne i Grendasalen serverer dei marsipankake, saft og kaffi. Instruktørar, driftsstyret og andre personar med nær tilknyting fekk jubileums-T-skjorte og buff i tillegg til kake. Det tok ikkje lange…

Les meir

Jobbar med DAB-dekninga

FM-nettet vart sløkt i går og DAB-radio er no det einaste alternativet. Folk har blanda kjensler, medan det blir jobba på spreng for å betre dekninga. Storfjordnytt har lodda stemninga til DAB hos folk på gata i Valldal. Dei vi snakka med, seier at vi må finne oss i endringa dersom radio skal vere ein del av kvardagen. Som folk i andre landsdelar ønskjer valldalingane å følgje med på det som skjer. Noko som folk trekkjer fram som negativt, er…

Les meir

Eidsdalingar konkurerrerer i matte

I april reiser niande klasse ved Eidsdal skule for å representere Møre og Romsdal i semifinalen i UngeAbel matematikkonkurranse. Dei er ikkje mange i klassen, men flinke er dei; Solveig, Olina, Knut Elias, Sigve og Pauline. Ikkje var det alle som likte matematikk like godt heller, men det ser ut til å ha gått seg til undervegs. – Eg likte ikkje matte så godt, men likar det betre no, slår Sigve fast. Til semifinale Så langt har det vore to…

Les meir

Stort spenn i bidraga til UKM

Stordalingane gjekk mann av huse for å få med seg årets utgåve av UKM, det var vel verdt både tida og inngangsbilletten. Med om lag 300 publikummarar til stades var nær kvar tredje stordaling på plass i Stordalshallen søndag kveld for å sjå flotte sceneinnslag og mange kunstbidrag. Maria Holand Tøsse, Ola Stavseng og Joakim Helland Helgesen utgjorde juryen i årets UKM, og dei starta kvelden med å vurdere bidraga i kunstutstillinga. Stavseng som sjølv er kunstnar, meinte at det…

Les meir

Strikkar seg glade

Norddal husflidslag inviterte til ope møte om kofter sist torsdag på Martin Linge-huset i Valldal. Husflidslaget hadde flytta seg ut frå sin vande tilhaldsstad i husflidsbutikken for å få litt betre plass og for å prøve noko nytt. Mange av dei frammøtte var medlemmer i Norddal husflidslag, men langt frå alle. Her var det god prat og  utveksling av kunnskap. Kunnskap om husflid og strikking var det mykje av i dette rommet. Ikkje berre var gjennomsnittsalderen ganske høg, mange av…

Les meir
VIL PÅ FACEBOOK