Her er Ivar

Ivar Aasen har stilt seg opp ved si eiga grav. Det kan vere så som så.

Les meir

Årsmøte i Valldal IL

Vi har fastsett datoar for årsmøta i Valldal IL

Årsmøtet for hovudlaget og for dei ulike gruppene blir haldne frå 8. til 24. mars.

Les meir

TAFJORD bygger meir fiber i Valldal

Valldal IL har høve til å tene nokre ekstra kroner til klubbkassa – heilt utan dugnad!

Les meir
Vi kan – vi VIL
Valldal Idrettslag har solide tradisjonar for idrettsglade valldalingar. Laget fylte 100 år i 2019 og har stor aktivitet innanfor fleire idrettsgreiner. Trykk på ei av lenkjene til høgre for å lese meir om dei ulike aktivitetane i Valldal Idrettslag.

Fotball

Vi invi­terer alle barn (frå 1. klasse og vaksne som har lyst til å spele fot­ball til å melde seg på. Vall­dal IL har eit aktivt fot­ball­miljø.

Friidrett

Sommar­se­songen byr på mange fri­idretts­arrange­ment, med Me­fjellet opp som det store arrange­men­tet kvart år.

Ski

Det er eit aktivt ski­miljø i Vall­dal IL, og laget er i gang med å byggje ski­skytings­løype og tre­nings­felt i Vall­dal.

Trim

Frå Nytt­års­marsjen til Sykkel­trimmen. Vall­dal IL driv ikkje berre med kon­kur­ranse­idrett, men har også mage flotte trim­aktivi­tetar.

Disksport

Disk­golf (frisbee­golf) er ein låg­terskel­sport som går ut på å kaste ein fris­bee i ei korg på færrast kast. Vall­dal IL har eit ak­tivt miljø.

Klubbhuset

Du kan leige klubb­huset. Det pas­sar for frå små til mel­lom­store sel­skap og arrange­ment med opp til 80 per­sonar.

TAFJORD bygger meir fiber i Valldal!

I samband med utbygginga har Valldal IL muligheit til å tene nokre ekstra kroner til klubbkassa – heilt utan dugnad! TAFJORD gir nemleg 250 kroner for kvar bestilling av TV- og internettpakken til det lokale idrettslaget eller foreninga DU ønskjer å støtte. Vi håper sjølvsagt at du vil støtte oss. Alt du treng å gjere er å velje Valldal IL når du fyller ut bestillingskjemaet, eller oppgjev dette når du har kontakt med ein selgar frå TAFJORD. Les meir om…

Les meir

Årsmøte i Valldal IL

Vi har fastsett følgjande årsmøte i Valldal IL Trim: måndag 8. mars Fotball: tysdag 9. mars Ski: onsdag 10. mars Friidrett: torsdag 11. mars Disksport: fredag 12. mars Årsmøtet i Valldal Idrettslag blir halde onsdag 24. mars Alle møte startar klokka 19.30 på klubbhuset. Saker til årsmøtet må meldast seinast onsdag 10. mars til post@valldalil.no eller Valldal IL, postboks 74, 6211 Valldal

Les meir

Siste nytt frå skigruppa

Det er skitrening i lysløypa tysdagar kl 18-19. For barn frå 1. klasse og oppover. Det er inndeling i tre aldersgrupper. Det er ikkje skitrening når det er Valldal/Liabygda-cup/Telenorkarusell. Oppmøtestad kan bli endra om det er for lite snø på Omenås. Siste trening før jul blir i lysløypa på Omenås tysdag 15. desember. Etter treninga fyrer vi opp bålpanna og grillar pølser. Laurdag 19. desember startar skisesongen i Møre og Romsdal med opningsrenn på Bjorli. Klassisk fellesstart. Klasser frå 10 år.Søndag 27. desember blir…

Les meir

Historisk innsats i Norway Cup

Valldal hadde også i år eit lag med i Norway Cup, Gutar 13/14 år, 7-ar lag. Etter ein litt trå start med to tap i innleiande seriespel, vart det siger i siste kamp. Med desse resultata gjekk laget til B-sluttspel. Laget spela betre og betre og gjekk sigrande gjennom cupspelet og etter ein suveren siger 7-2 over Dombås i semifinalen var laget klar for finale. Finalen gjekk mot Skjergård IL frå Sotra og vart ein jamn og spennande kamp. Valldal…

Les meir

Grendacup – fotball

Romjulscupen i fotball 5. juledag  vart nok ein gong suksess. God planlegging og dyktig gjennomføring av dei ansvarlege! Frå tidleg formiddag var det fotball for dei yngste. Etter kvart overtok dei eldre og finalen i grendacupen vart spelt i sju-tida. Som i fjor var Eidsdal dei sterkaste og tok eit nytt napp i vandrepokalen etter 1-0 siger over Tafjord i ein ganske jamn finale.

Les meir
VIL PÅ FACEBOOK