Det er skitrening i lysløypa tysdagar kl 18-19. For barn frå 1. klasse og oppover. Det er inndeling i tre aldersgrupper. Det er ikkje skitrening når det er Valldal/Liabygda-cup/Telenorkarusell. Oppmøtestad kan bli endra om det er for lite snø på Omenås.

Siste trening før jul blir i lysløypa på Omenås tysdag 15. desember. Etter treninga fyrer vi opp bålpanna og grillar pølser.

Laurdag 19. desember startar skisesongen i Møre og Romsdal med opningsrenn på Bjorli. Klassisk fellesstart. Klasser frå 10 år.
Søndag 27. desember blir det tradisjonsrike romjulsrennet arrangert på Skaret skisenter på Molde. Fristil for dei yngste, duatlon frå 11 år. Dette er andre renn i SBM-cup. (For meir informasjon om desse renna, gå til Møre og Romsdal Skikrets sin nettside, sjå link i margen til høgre.)

Laurdag 2. januar blir det treningssamling for barn og unge i klubbane på indre Sunnmøre. Oppmøte på klubbhuset. Det blir to økter, og det blir servert lunsj mellom øktene.

Søndag 3. januar er det sonerenn klassisk stil på Stavsengfjellet. Arrangør SIL/LIL.

Tysdag 5. januar er det første renn i Valldal/Liabygda cup/Telenorkarusellen på Omenås. Fristil.

Programbladet til skigruppa kjem i postkassene rett over nyttår.