Vil ha med flest mogleg på UKM
Veronica Valdal og Synne Hovden er med i arrangementskomiteen for årets UKM. Dei er innom redaksjonen for å oppmode flest muleg frå heile Norddal kommune om å melde seg på. I år er det tiandeklassen ved Valldal skule som har ansvaret for å arrangere Ungdommens kulturmønstring – UKM – saman med kulturskulen. Dei to jentene fortel at UKM i år blir arrangert i den nye kultursalen i Martin Linge-huset 4. februar. – Påmeldingsfristen er fredag 27. januar, og ein melder…