FM-nettet vart sløkt i går og DAB-radio er no det einaste alternativet. Folk har blanda kjensler, medan det blir jobba på spreng for å betre dekninga.

Storfjordnytt har lodda stemninga til DAB hos folk på gata i Valldal. Dei vi snakka med, seier at vi må finne oss i endringa dersom radio skal vere ein del av kvardagen. Som folk i andre landsdelar ønskjer valldalingane å følgje med på det som skjer.
Noko som folk trekkjer fram som negativt, er at dei må skaffe seg ny radio, sjølv om dei allereie har radioar som har verka godt, frå før.

Framleis ikkje bra

Kristian Almås, busett i Øvre Stordal, er ein av dei som ikkje synest DAB-dekninga er god nok. I eit skriv adressert til NRK i november 2016 trekte han fram utfordringane  dekninga i området hans gjev. Almås viser til at det bur om lag 30 fastbuande langs fylkesveg 101 i Stordal, han er sjølv ein av dei. Han seier at Øvre Stordal er eit stort utfartsområde der alpinanlegg og fleire hundre fritidshus trekkjer mykje folk.
Han nemner også behovet for at radio i bilar og traktorar fungerer. Han har sjølv ein traktor der DAB-radio vart montert i 2014, men der radiosendinga per november 2016 framleis var heilt fråverande eller svært dårleg.
Då Storfjordnytt var i kontakt med han for få dagar sidan, kunne han fortelje at dekninga framleis er til og frå.

Jobbar med saka

I byrjinga av november i fjor, etter fleire innspel frå bygdefolket om manglande DAB-dekning i Stordal, skreiv ordførar Eva Hove til NRK der ho understreka kor viktig det er for fastbuande og hyttefolk i Øvre Stordal at DAB-dekninga vert god nok før FM-nettet vert stengt. Ho oppmoda NRK på det sterkaste til å syte for at det vert ordna opp i dette, og bad om raskt svar frå NRK.
I byrjinga av desember fekk ho svar frå distribusjonssjef i NRK, Bjarne Andre Myklebust, der han stadfesta at NRK dagleg jobbar for å sikre befolkninga best mogleg radiodekning. Myklebust trekte fram områda dei særleg såg på:

•  ny sendar på Grønningsæter. Den skulle vere bestilt, og etter planen skulle han vere i drift innan sløkkinga av FM i området;
• ny sendar i Seljebotn var òg utgreidd. Datoen for denne var framleis ikkje klar den gongen.
Sendarane, kombinert med allereie eksisterande sendarar, skulle gje gode dekningsforhold i Stordal.

Etter behov

– Sendaren på Grønningsæter var aktiv frå 24. januar i år og skal såleis vere i drift. Når det gjeld sendaren på Seljebotn, ventar vi at han skal vere i gang frå 27. april, seier Myklebust, til Storfjordnytt og legg legg til at framdrifta i arbeidet med sendaren på Seljebotn er avhengig av godt vêr.
Han fortel at dei  sentralt arbeider jamt for at sendarar skal verte sette i drift etter behov.
Dei som arbeider ute i felten med å montere og stille inn sendarar, fortel at dei mellom anna har vore i Tafjord sist fredag. Montør Gunnar Garfors fortel at dekninga i Tafjord no skal vere god, men noko redusert i tunnelane. Håpet er at det skal verte  betre der òg.

Rett innstilling

Trollstigen skal ifølgje Garfors ha tilfredsstillande dekning, særleg for NRK-kanalane. I tillegg vert det arbeidd med sendaren i Seljebotn for at den skal verte klar til bruk i april. Garfors er opptatt av at innbyggjarane får informasjon om korleis dei best får inn DAB-radio.
– Det er viktig å skilje mellom inntak og dekning. Antenneinnstillinga må vere korrekt etter kvar du bur. Om det likevel ikkje fungerer, kan du prøve å stille inn på nytt. Då er det ein fordel å gå utandørs, seier han.