– Vi har ikkje planar om å trekke søknaden om grensejustering etter den siste utviklinga i kommunereformarbeidet.

Det seier Merete Løvoll Rønneberg, leiar av arbeidsgruppa for «sørsideinitiativet» i kommunereforma. Medlemmene av arbeidsgruppa har diskutert den siste utviklinga i kommunereformarbeidet.
Ho presiserer at gruppa i fellesskap ikkje har finstudert intensjonsavtalen mellom Norddal og Stordal. Gruppa kjenner avtalen ut frå referata i lokalavisa, men Merete har sjølv lese heile avtalen. 

– Endrar ikkje ein tøddel

Arbeidsgruppa har diskutert om det til dømes skal vere eit nytt bygdemøte, men har landa på at det er det liten vits i.
– Eit bygdemøte kan ikkje overprøve folkerøystinga vi hadde, i så fall må vi ha ei ny røysting. Det ser vi som uaktuelt så lenge det ikkje er bygdefolk som sjølve endrar meining og tek initiativ til ei ny avrøysting. Ingen av oss i arbeidsgruppa er kontakta av nokon.
Merete Løvoll Rønneberg fortel at arbeidsgruppa framleis meiner det er naturleg at dei tre bygdene på sørsida av Norddalsfjorden høyrer til same kommune.
– Innbyggjarane i Eidsdal og Norddal har sagt klart ifrå om at å vere del av same kommune som Geiranger er alfa og omega. Og det var jo også slik at arbeidsgruppa konkluderte med at det beste ville vere om heile Norddal kommune gjekk saman med Stranda. Ingenting har endra seg når det gjeld det, seier ho og er ikkje villig til å forandre ein tøddel på det som er sagt og gjort frå sørsideinitiativet:
– Vi kan ikkje «skalte og valte» som vi vil, når signala frå avrøystingane våre har vore så tydelege.
– Samstundes som vi vil lytte til bygdefolket, kjenner vi oss òg provoserte over kommunen som ikkje ein gong har lytta til dei svært tydelege signala frå sørsida om å ta med Stranda som eitt alternativ i si folkerøysting. Då hadde vi også visst kva folk i bygdene på nordsida tenkte om det. Slik det er no kjenner vi oss overkøyrde og lite respekterte.

– Blir for smått

Arbeidsgruppa ser at det er er i ferd med å bli etablert ein storkommune mot Ålesund. Dei meiner bestemt at ein også burde tenkt noko større her på Indre.
– Stordal og Norddal saman blir framleis ein veldig liten kommune, og vi trur det blir for smått, seier ho. Det som er naturleg er at også Stranda er med i ein slik konstellasjon – og kanskje Sykkylven også. Kommunereforma har som målsetjing å både sikre gode og likeverdige kommunale tenester, og også å leggje til rette for samfunnsutvikling. Skal vi lukkast med å skape attraktive bu- og arbeidssamfunn i indre fjordstrok, trur eg det er avgjerande at vi greier å samarbeide. Her er stort potensial, men kvar for oss trur eg vi vert for små og pinglete mot byregionane, som no ser ut til å bli styrka.
Løvoll Rønneberg seier ho med interesse har studert intensjonsavtalen mellom Norddal og Stordal.
– Eg måtte flire litt då eg las delar av intensjonsavtalen, delen om demokrati og aktiv lokaldemokratisk medverknad. Det er så ein kan lure på om det berre er fine ord på eit papir, det blir ikkje demokratisk medverknad når dei som styrer, ikkje er villige til å lytte til noko som helst, seier ho.

Ope og godt i Stordal

Merete Løvoll Rønneberg presiserer samtidig at ho og dei andre som arbeider for alternativet med å sjå mot Stranda ikkje har nokon ting imot Stordal kommune.
– Tvert om, slik eg har kunne følgje prosessen i Stordal, ser han veldig bra ut. Mitt inntrykk er at stordalingane har køyrt ein open og god prosess der det undervegs har vore takhøgd nok for usemje og vilje nok til å lytte og bli samde, det har eg stor sans for, seier ho.
– Vårt standpunkt har altså ingenting med at vi ikkje vil vere i lag med Stordal.
Løvoll Rønneberg seier  arbeidsgruppa vil følgje med på prosessen vidare og vurdere etter kvart om dei skal gjere noko meir.
– Uansett, det blir spennande, avsluttar ho.