25 januar 1997 vart Stordalshallen offisielt opna. Sidan den gongen har både stordalingar og andre møttest der gjennom aktivitetar og i tallause arrangement.

Markeringa skal starte klokka sju, men Hallgeir Hove ville ha med flest mogleg på eit samlebilete og drygde tida til litt over sju før han tok biletet.

Utålmodige

Inne i Grendasalen serverer dei marsipankake, saft og kaffi. Instruktørar, driftsstyret og andre personar med nær tilknyting fekk jubileums-T-skjorte og buff i tillegg til kake.
Det tok ikkje lange tida før dei som hadde trening, eller øving på anna vis i hallen, vart utolmodige og ville sette i gong.
– Det er no litt kjekt då, at dei er så ivrige, men litt må dei kunne vente når vi markerer eit 20-årsjubileum, smilar Hallgeir Hove.

Leiger ut

Hallgeir har vore dagleg leiar sidan år 2000, altså i 17 år. Driftsstyret er sett saman av tre representantar frå Stordal kommune, éin frå idrettslaget og éin frå andre lag og organisasjonar. I dag er desse Eilif Falch, Palma Flåen Øvrebust, Claus Hoff, Pål Bjørn Øvrebust og Alfred Johansen.
– Dei er mi ryggdekning og mine samarbeidspartnarar, seier Hallgeir. Han står i samtale med Kjell Mulelid oppe på galleriet. Kasser med T-skjorter og anna står utover.
Kjell Mulelid er éin av tre instruktørar i den unike klatreveggen og har vore med heilt sidan han stod ferdig i 1997. I tillegg stiller skyttarlaget på med mange instruktørar på skytebana og det er eigne instruktørar til trampolinen.
Frode Holtleite var sentral då trampolinegruppa vart starta opp rett etter opninga av hallen, og han tok turen frå Ålesund denne kvelden for å vere med på markeringa. Instruktørane har spelt ei viktig rolle når vi har leigd ut hallen til korps, skuleklassar og andre grupper som òg vil halde på med andre aktivitetar når dei legg opp til ei øvingshelg eller liknande. No kursar vi dei unge, slik at dei etter kvart kan ta over, seier dagleg leiar i Stordalshallen – med det passande namnet Hallgeir.

Gode samarbeidspartnarar

Markeringa tok ikkje lange tida. Ein halvtime etter oppsett tid er det heile over og den store hallen er fylt av fotballglade ungdomar,  medan  Stordal folkedanslag svingar seg til tradisjonsmusikk i Grendasalen.
Mange har hatt stor glede av hallen i Stordal, som i dag står som ein bauta over dugnadsinnsatsen i kommunen. Dagleg leiar er òg stolt av alle dei gode samarbeidspartnarane dei har hengande rundt om på veggane i hallen.
– Det kostar i overkant av éin million kroner å drifte Stordalshallen kvart år. Halvparten av det står våre samarbeidspartnarar for. Det er vi takksame for, og vi arbeider kontinuerleg med å profilere både dei og oss sjølve, seier dagleg leiar med kameraet hengane rundt halsen.

Årsfest med markering

I år er det Vinjehjellane som inviterer til årsfest for hallen, og då er det naturleg å markere at det er 20 år sidan han vart opna. 25. februar vert festen arrangert, og det er sju grendelag som byter på å lage program kvart sitt år. Desse er Hovslia, Dyrkorn, Nejaføringane, Øvrebust, Dalane, Vinjehjellane og Vinje.