Romjulscupen i fotball 5. juledag  vart nok ein gong suksess. God planlegging og dyktig gjennomføring av dei ansvarlege!

Frå tidleg formiddag var det fotball for dei yngste. Etter kvart overtok dei eldre og finalen i grendacupen vart spelt i sju-tida.

Som i fjor var Eidsdal dei sterkaste og tok eit nytt napp i vandrepokalen etter 1-0 siger over Tafjord i ein ganske jamn finale.