Nyheiter

Vil ha med flest mogleg på UKM

Veronica Valdal og Synne Hovden er med i arrangementskomiteen for årets UKM. Dei er innom redaksjonen for å oppmode flest muleg frå heile Norddal kommune om å melde seg på. I år er det tiandeklassen ved Valldal skule som har ansvaret for å arrangere Ungdommens kulturmønstring – UKM – saman med kulturskulen. Dei to jentene fortel at UKM i år blir arrangert i den nye kultursalen i Martin Linge-huset 4. februar. – Påmeldingsfristen er fredag 27. januar, og ein melder…

Les meir

Britt Ingunn Maurstad ny redaktør i Storfjordnytt

– Dette gler eg meg til, seier Britt Ingunn Maurstad (49), som tysdag blei tilsett som ny redaktør og dagleg leiar i Storfjordnytt. Britt Ingunn har arbeidd fast som journalist i avisa sidan desember 2009 og eitt års tid før dette som frilansar. Ho kjem opphavleg frå Gjettum i Bærum, men ættar frå Eidsdal, dit ho flytta i 1999. Då tok ho over heimen til besteforeldra – også kjend som Haugtun. – Dette blir spennande – og også ei utfordring…

Les meir

«Sørsideinitiativet» har ikkje endra meining om kommunereforma

– Vi har ikkje planar om å trekke søknaden om grensejustering etter den siste utviklinga i kommunereformarbeidet. Det seier Merete Løvoll Rønneberg, leiar av arbeidsgruppa for «sørsideinitiativet» i kommunereforma. Medlemmene av arbeidsgruppa har diskutert den siste utviklinga i kommunereformarbeidet. Ho presiserer at gruppa i fellesskap ikkje har finstudert intensjonsavtalen mellom Norddal og Stordal. Gruppa kjenner avtalen ut frå referata i lokalavisa, men Merete har sjølv lese heile avtalen.  – Endrar ikkje ein tøddel Arbeidsgruppa har diskutert om det til dømes…

Les meir

Ei spennande utfordring i eit fint område

Yngve Strand er den nye daglege leiaren på Valldal Fjordhotell. Han tok til i stillinga seint hausten 2016. Han ser det som ei stor moglegheit og er allereie godt i gang. Yngve Stranda starta karrieren innanfor hotell- og restaurantbransjen i Florø etter vidaregåande skule. Fyrst i oppvasken, så i resepsjonen. I dag bur han på Valle med sambuar og to born. Lang og god erfaring Han kom frå jobben som assisterande hotellsjef på Storfjord Hotell, der han har hatt sin…

Les meir

Driftsbygning totalskadd i brann

Ei driftsbygning på Veiberg i Eidsdal brann onsdag kveld ned til grunnen. Det har ikkje vore dyr i Nerigarden på Veiberg på nokre år, så ingen var i løa då den starta å brenne ved 22-tida onsdag kveld. Det er heller ingen som bur på garden fast, så det var heldigvis ingen fare for at liv skulle gå tapt. Alt tilgjengeleg mannskap rykka ut, men løa var heilt overtend då dei kom på staden. Dermed var det å syte for…

Les meir
VIL PÅ FACEBOOK