Valldal Idrettslag

Ei spennande utfordring i eit fint område

Yngve Strand er den nye daglege leiaren på Valldal Fjordhotell. Han tok til i stillinga seint hausten 2016. Han ser det som ei stor moglegheit og er allereie godt i gang. Yngve Stranda starta karrieren innanfor hotell- og restaurantbransjen i Florø etter vidaregåande skule. Fyrst i oppvasken, så i resepsjonen. I dag bur han på Valle med sambuar og to born. Lang og god erfaring Han kom frå jobben som assisterande hotellsjef på Storfjord Hotell, der han har hatt sin…

Les meir

Driftsbygning totalskadd i brann

Ei driftsbygning på Veiberg i Eidsdal brann onsdag kveld ned til grunnen. Det har ikkje vore dyr i Nerigarden på Veiberg på nokre år, så ingen var i løa då den starta å brenne ved 22-tida onsdag kveld. Det er heller ingen som bur på garden fast, så det var heldigvis ingen fare for at liv skulle gå tapt. Alt tilgjengeleg mannskap rykka ut, men løa var heilt overtend då dei kom på staden. Dermed var det å syte for…

Les meir

Tjue år med arrangement og aktivitetar

25 januar 1997 vart Stordalshallen offisielt opna. Sidan den gongen har både stordalingar og andre møttest der gjennom aktivitetar og i tallause arrangement. Markeringa skal starte klokka sju, men Hallgeir Hove ville ha med flest mogleg på eit samlebilete og drygde tida til litt over sju før han tok biletet. Utålmodige Inne i Grendasalen serverer dei marsipankake, saft og kaffi. Instruktørar, driftsstyret og andre personar med nær tilknyting fekk jubileums-T-skjorte og buff i tillegg til kake. Det tok ikkje lange…

Les meir

Jobbar med DAB-dekninga

FM-nettet vart sløkt i går og DAB-radio er no det einaste alternativet. Folk har blanda kjensler, medan det blir jobba på spreng for å betre dekninga. Storfjordnytt har lodda stemninga til DAB hos folk på gata i Valldal. Dei vi snakka med, seier at vi må finne oss i endringa dersom radio skal vere ein del av kvardagen. Som folk i andre landsdelar ønskjer valldalingane å følgje med på det som skjer. Noko som folk trekkjer fram som negativt, er…

Les meir

Eidsdalingar konkurerrerer i matte

I april reiser niande klasse ved Eidsdal skule for å representere Møre og Romsdal i semifinalen i UngeAbel matematikkonkurranse. Dei er ikkje mange i klassen, men flinke er dei; Solveig, Olina, Knut Elias, Sigve og Pauline. Ikkje var det alle som likte matematikk like godt heller, men det ser ut til å ha gått seg til undervegs. – Eg likte ikkje matte så godt, men likar det betre no, slår Sigve fast. Til semifinale Så langt har det vore to…

Les meir
VIL PÅ FACEBOOK